"Elise og mysteriet med dei døde hestane" er første bok i ein spenningsserie om hest og hestedyrlegar.

tirsdag 28. august 2012

Spennande hestebok med dramatikk frå dyrlegepraksis

Ny hestebok om Elise på 13 år som er med onkel Kalle og køyrer veterinærpraksis!

Elise og mysteriet med dei døde hestane

 

Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. 


I all hovudsak er denne boka reell. Den ligg tett, tett på verkeligheita slik den artar seg i ein verkeleg veterinærpraksis. Her er masse hestar.

 

Hestane i boka!

 

Ideen til hesterasen Ivanhestar fekk eg frå den russiske hesterasen Akhal-Teke, og rasebeskrivingane og historia til hestane i boka er henta frå den faktiske historia om Akhal-Teke. Det har også, for lenge sidan, eksistert religiøse kultar som ofra hestar i Norden. Ein stad i Skåne fann dei fleire tonn hesteknoklar etter religiøs ofring av hest.


 

Tordenhestane er ein annan mystisk hesterase i boka. Dei er store og svarte og kan springe frå bjørn og ulv.

 


 

Hesten under er Iluso. Han er hesten til Birte og ein ekte Andalusier. Birte er hestegal og ho har lese boka om Elise. Det er Iluso som er bilete av på toppen av bloggen. Av og til er han skikkelig galen!



Hestane i boka.

Hestepasientane i boka er ekte! Om du har tenkt å bli dyrlege kan du lære masse om å jobbe med hest!


Og så til slutt, men ikkje minst: Elise.

Elise er ei ganske tøff dyrlegejente som liker hestar!

 

Elise er ikkje verkeleg, men hennar erfaringar er verkelege. Ein må hive seg uti ting. Av og til går det på trynet, av og til går det bra. Ein treng ikkje vere supermann for å vere ein helt. Av og til treng ein berre vise guts og pågangsmot, vere modig nok til å risikere og gå på trynet, ikkje berre halde seg på den sikre sida heile tida. Ekte heltar tar sjansar heile tida. Det handlar ikkje om å vente med å gjere saker til du kan gjere dei perfekt, men om å bykse uti det og lære undervegs. Tek du feil, innrøm det. Hald så fram som du stemnar. Det har inga hensikt at alle skal like deg. Du treng heller ikkje like alle. For kvifor skal du det?

 

Veterinæren Kalle!

Veterinær Kalle er ein ambisiøs og flink ung dyrlege. Du har heilt sikkert møtt ein slik. Han tenker masse, vil gjerne gjere alt rett og må, ofte med ein del frustrasjon, forhalde seg til alle slags dyreeigarar. Særleg kan dette vere krevande på hest. Andre dagar er han ein helt, nokre dagar føler han seg som ein dust, men det er slik det er å vere dyrlege. Det handlar om samspelet mellom folk og dyr, om personlige skjebnar, om liv, død, pengar og psykologi. 

 

Du veit aldri korleis livet i praksis er før du har prøvd det. For Elise blei praksisen ganske farleg, hakket for farleg... men Elise gir seg ikkje! Ho kjem du til å møte i flere bøker med hestar og dyrlegepraksis!